Kvifor får eg eFaktura utan å ha bestilt dette?

 

Mange nettbankar har no aktivert eit tillegg som heiter "ja takk til alle", som gjer at du får eFaktura sjølv om du som kunde ikkje er bevisst på at dette er aktivert i din nettbank. 

eFaktura.no/privat


Kva er eigentleg eFaktura?

eFaktura er ei løysning styrt av Nets som leverar tenester til bankane. I slutten av 2018 innførte dei tenesta kalla "ja takk til alle", som let kundane velje å automatisk opprette eFaktura-avtale der dei betalar rekningar til. Dette har medført til at ein del kundar har fått eFaktura-avtale utan å eigentleg ønskje det. 

  • eFaktura Ja takk til alle er ein automatisk avtale som alle bankar tilbyr, men som har ulikt merkenamn i forskjellige bankar. Når ein betalingsmottakar tilbyd eFaktura vil du få moglegheit til å opprette eFaktura-avtale etter at betalinga er registrert.
     
  • Aktiverer du Ja takk til alle vert desse eFakturaavtalene oppretta automatisk for deg. Du vil då få inn eFaktura direkte i nettbanken ved neste utsending av fakturaen. Denne tenesta er uavhengig av bank på lik linje som «vanleg» eFaktura, det betyr at alle endringer du gjer vil vere synlege i alle nettbankane dine. 
     

Korleis avsluttar eg eFaktura?

For å avslutte din eFaktura-avtale må du logge inn i din nettbank og fjerne avtalen. Om du ikkje ønskjer å få eFaktura-avtalar oppretta automatisk i framtida må du også fjerne valet om automatisk oppretting. Banken din vil kunne hjelpe deg med dette. Du kan også lese meir om dette på https://www.efaktura.no/privat.
 

Kva med meg som brukar Vipps?

Brukar du Vipps, får du truleg dine rekningar som eFaktura frå dei ulike leverandørane. For å slå av dette, må du gjere følgande: 

  1. Logg inn i Vipps
  2. Klikk Profil
  3. Klikk Betalingsvalg
  4. Klikk eFaktura i nettbank og apper
  5. Velg vekk Alltid Vipps eFaktura

I tillegg må du avslutte eFaktura-avtalen i nettbanken din.

Følg oss