Kurstilbod ved Kulturskulen

_BD_2992.jpg

 

Kulturskulen held ulike kurs både for born og vaksne. Anten du ønskjer å lære meir om skriving, ta fram igjen blåseinstrumentet eller er interessert i tango, så har kulturskulen noko for din smak. 

Er du mellom 10-13 år og vil vere med Janne Marit Øye og leike med ord? 

Då kan du vere med på 3-vekers kurs i skapande skriving på kulturskulen.
Skapande skriving: torsdagar kl. 1530, frå 3. november. Kr 250.
 

 

Kurs for vaksne

Kurs blåseinstrument. Klarinettisten Agnethe Teige held kurs for vaksne i 6 veker. Måndagar kl. 1830, frå 24. oktober. Kr 550,-

Gitarkurs for vaksne har tidlegare vore populære i kulturskulen. Vi startar no opp igjen med Gard Eirik Austrheim som lærar. Tysdagar kl. 17, frå 25. oktober. Kr 550,-

Tangokurs med Øyvind Robak. Er du interessert i tango og spelar eit instrument eller syng, kan dette vere noko for deg. Onsdagar frå 2. november. 3-vekers kurs. Kr 250,-

Påmelding: kulturskulen@orsta.kommune.no
 
Elles er det kjempefint om de deler/likar oss på facebook.
 

Følg oss