Kunstavduking på servicekontoret
Ørsta kommune har fått eit kunstverk i gåve frå Småjobbsentralen.
Torsdag 6. mai vart kunstverket avduka på servicekontoret, noko som høva bra sidan servicekontoret også feira 15-års jubileum i år. Avdukinga tok ordførar Stein Aam og Solfrid Øvstegård Fossen seg av. Etterpå vart det kake og kaffi utanfor med godt smittervern.
Idé og design er av Eve Lis Eikrem, KunstDesign
Design- og produksjonsmedhjelpar: Marita Hauge
Produksjon og idévrimling: Småjobbsentralen i Ørsta
Med støtte frå: Sofie og Ole Øvstegårds legat
Publisert 06.05.2021 14:36