Kulturprisen 2023 vert tildelt Magne Ivar Sætre

Levekårsutvalet har vedtake at kulturprisen 2023 vert tildelt Magne Ivar Sætre.

Privat

Magne Ivar Sætre er ein viktig kulturberar. Mykje verdfull lokalhistorie er teke vare på gjennom kulturarbeidet han har gjort i ei årrekkje. Dette har kome heile Vartdalsstranda og Ørsta til gode. Han har mellom anna vore med i redaksjonen og skrive mange artiklar for «Minne frå Vartdalsstranda», årsskriftet til Vartdalsstranda sogelag sidan starten i 1997. 

Ørsta kommune vil verdsetje og heidre denne innsatsen med tildeling av kulturprisen 2023.

Kulturprisen er eit diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. Tildelinga skjer i kommunestyret 14. desember. Då vert også den formelle grunngjevinga presentert.

Følg oss