Kulturprisen 2022 vert tildelt - Vartdalsstranda generasjonskorps

Vartdalstranda generasjonskorps - Klikk for stort bileteVartdalsstranda generasjonskorps Møre-Nytt

Vartdalsstranda generasjonskorps har vore ein kulturinstitusjon i fleire tiår. Musikantane er barn, ungdom, vaksne og eldre som kjem saman for å dyrke ei felles interesse.

Spennet i alder frå 7 til 77 år er eit viktig element, der gjensidig respekt og samarbeid rår. Korpset spreier musikkglede på tvers av generasjonar i bygdene langs Vartdalstranda.

Ørsta kommune vil verdsetje og heidre denne innsatsen med tildeling av kulturprisen 2022.

Kulturprisen er eit diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. Tildelinga skjer i kommunestyret 15. desember. Då vert også den formelle grunngjevinga presentert.

Følg oss