Kulturkafé til inntekt for TV-aksjonen

Det blir Kulturkafé med ekstra meining til inntekt for TV-aksjonen. Som i år går til Redd barna har slagordet "La barn leve i fred". 

Bilde frå kulturkaféen i 2021, då Meaza og Ousama kunne freiste med saftige kebab-spyd. Maria Engeseth


Fredag 13. oktober kl. 11.30–14.00 i Ørstahallen har du sjansen til å være med og bidra. 

Tradisjonen tru vert det kulturkafé i Ørstahallen, der alle inntekter går til tv-aksjonen. I likheit med dei siste åra er kafeen eit samarbeid mellom frivilligsentralen, flyktningtenesta, LPP og tenesta for rus og psykiatri. I tillegg til å samle inn pengar til TV-aksjonen, markerer vi verdsdagen for psykisk helse, der temaet er #lagplass og vi vert oppfordra til å gjere våre viktigaste møteplassar meir inkluderande.

Det blir mat, kake, tombola med flotte gevinstar frå lokalt næringsliv og god stemning, i tillegg til open hall.

På kjøkkenet står dei kjekke flyktningane våre som skal lage Borsch og Grescka.

Alle er velkomne til ei kjekk stund med meining.

Kulturkaféen på facebook

 

TV-aksjonen NRK 2023 - Redd Barna, "La barn leve i fred"

22. oktober 2023

Redd Barna er ein partipolitisk og religiøst nøytral organisasjon, som baserer sitt arbeid på FNs konvensjon for barns rettigheiter.

Pengane frå årets TV-aksjon går blant anna til:

  • å gi barn moglegheita til å gå på skulen
  • gjenopne skular og gjere det trygt for barn å vere på skulen
  • å gjenforene barn med familien dei har kome bort frå
  • å støtte tidligare barnesoldatar
  • trygge leikeområde der barn kan utfalde seg
  • hjelp til å handtere vonde opplevingar
  • at barn som har flykta til Noreg, får ei aktiv fritid
  • sørge for at alvorleg underernærte barn får behandling og oppfølging
  • helsehjelp og støtte til sårbare barn og deira familie
  • rettleie lærarar og omsorgspersonar i korleis dei kan støtte barn i krisesituasjonar
  • mobilisere lokalsamfunnet til å hjelpe barn
  • skape trygge og inkluderande møteplassar 
     

Pengane vert fordelt mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Norge.

Meir om TV-aksjonen

Følg oss