KoRus seminar i Ørsta

Vilde Moltudal Igland
9. desember var det seminar ved Ørsta rådhus om rus. Seminaret hadde fokus på frå oversikt til tverrfagleg innsikt på rusfeltet

Fokus på folkehelseperspektivet

KoRus la fram resultat frå Ungdata-undersøking og brukarundersøkingar. Kommunen delte kunnskapen tenestene har på feltet. Det var spesielt at utfordringane vart sett i eit folkehelseperspektiv.


Situasjonen i dag og vegen vidare

Deltakarane på seminaret var frå fleire tenesteområder frå elevrådsleiarar og nestleiar, assisterande rektor ved ungdomskule, politikarar, tildelingskontoret, politiet, barnevernet, tenesta for psykisk helse, rustenesta, rådmannen, m.fl. Seminaret starta med foredrag og etter lunsj var det diskusjon i arbeidsgrupper. Det som kom fram denne dagen skal leggast fram for leiarforum, takast med i folkehelseoversikt, rusmiddelpolitisk handlingsplan og anna relevant planarbeid.


Kompetansesenter Rus-Midt-Norge

Oversiktseminaret vart arrangert i samarbeid med Kompetansesenter Rus (KoRus). KoRus tilbyr alle kommunane på søre Sunnmøre å gjennomføre slike oversiktsseminar. Kvar kommune har valt ulike fordjupingar.  

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal

Følg oss