Kontrakt signert for bygging av tømmerkaia

Varaordførar Karen Høydal og administrerande direktør Kjetil Nordang er nøgde med kontrakten og gledar seg til byggestart.

Ørsta kommune har signert kontrakt med PEAB - K Nordang om bygging av tømmerkaia ved Ørstaterminalen. 

Kontrakten er den nyaste i ei rekke store utviklingsprosjekt i Ørsta. Dette er eit ledd i satsinga på skogbruket som næring, og investeringa vil gje positive ringverknader for heile regionen og for fleire næringar.

Kontraktsforhandlingane er no avslutta. Detaljprosjektering og bygging av kaia startar over ferien.
 
PEAB - K Nordang har hovudkontor på Stranda og er ein av dei leiande entreprenørane i distriktet. Dei har brei erfaring med bygging  av kaier, større bustadbygg, skular, hotell, kontorbygg, industribygg og bruer.
 

Følg oss