Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Konferanse universell utforming

Foto MJK Media

Råd for likestilling av funksjonshemma i Ørsta kommune, arrangerte onsdag 29 mars konferanse om universell utforming med fokus på uteområde for alle. Det møtte meir enn 50 deltakarar frå ulike lag og organisasjonar, lokalpolitikarar, kommunale leiarar, lokale utbyggarar og planleggarar. Det kom også studentar og representantar frå Høgskulen i Volda.

Eli Knøsen, Foto MJK MediaFrå likestillings og diskrimineringsombudet deltok Eli Knøsen, som gav deltakarane eit innblikk i lovgrunnlaget for universell utforming ifht tilgjenge og diskriminering. Jonny Loen frå planavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune snakka om universell utforming i reguleringsarbeid. 

 

Gode eksempel

Frå Trondheim kommune presenterte Solveig Dale erfaringar og døme på universelt utforma uterom, der mellom anna Ladeparken er eit godt eksempel på dette. Gode eksempel finn ein også lokalt. Dette viste Landskapsarkitekt Siri Beate Myklebust som presenterte Saunesparken i Ulstein kommune, ein park for aktivitet og rekreasjon. Gode eksempel finn ein l også i eiga kommune, noko både Per Ivar Lied og Gunnar Wangen viste til i sine innlegg om bla. utviklingsplan for Ørsta sentrum, og den universelt utforma baderampen ved Vatnevatnet som døme.

 
Universell utforming er bra for alle, og bodskapen er å ta omsyn til det tidleg i all planlegging. Varaordførar og Leiar i Rådet, Karen Høydal avslutta med å peike på kor viktig det er med vilje til å  gjere noko med det, slik at alle kan kjenne seg inkludert.
 

Følg oss