KOMMUNEREFORM. INNBYGGJARUNDERSØKING OM HOVUDALTERNATIV

kommunereform.png - Klikk for stort bilete

I tråd med Ørsta kommunestyre sitt vedtak 11. juni 2015, er det no gjennomført innbyggjarundersøking om kva alternativ kommunen bør arbeide vidare med fram mot folkeavrøystinga.

600 personar i Ørsta kommune og tilsvarande i Volda kommune, deltok i undersøkinga som er utført av Sentio Research  i juni i år.

Undersøkinga viser at i Ørsta meinar 15 prosent at spørsmål om kommunesamanslåing er svært viktig, og like mange meinar det ikkje er viktig. Haldninga til fleirtalet av dei spurte ligg midt i mellom.

Nær halvparten av dei spurte i Ørsta (48 prosent) meinar Ørsta bør slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar, medan fire av ti meinar kommunestrukturen bør vere som i dag. Forskarane i Sentio held fram at tendensen i svara er eintydige nok til å konkludere med eit sikkert fleirtal for samanslåing. Om det vert bestemt at kommunesamanslåing skal gjennomførast, er Volda soleklart alternativ for Ørsta. Heile 87 prosent av dei spurte peikar på dette.

For Volda viser undersøkinga at 11 prosent meinar kommunereform er svært viktig, 15 prosent meinar det ikkje er viktig. Fleirtalet er midt på skalaen også her.

I Volda seier 56 prosent av dei spurte at kommunen bør slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar. Dette er ein indikasjon på eit relativt sikkert fleirtal for kommunesamanslåing, meinar forskarane. 34 prosent i Volda ønskjer kommunestruktur som i dag. Motstanden mot endra kommunestruktur er størst blant dei under 30 år. Om det vert bestemt at kommunesamanslåing skal gjennomførast, er Ørsta første alternativ for Volda. 88 prosent av dei spurte peikar på dette som alternativ.

Sist endra 01.07.2015
Fann du det du leita etter?

snakk med oss.png

Gro Anita Bårdseth Planleggar
903 60 729
@ Gro Anita Bårdseth

Følg oss

Gode lenkjer

Login for redigering