Kommunen sel industriareal på Mosflatene
Fv. Trond Eriksen - Eriksen Eigedom AS, Arnstein Nupen – jurist Ørsta kommune, Stein Aam – Ordførar Ørsta kommune og Vegar Myklebust – Myklebust Eigedom AS.
I går vart avtalane mellom kommunen, Eriksen Eigedom AS og Myklebust Eigedom AS signert. Arealet vart seld som industriareal i samsvar med vedteken reguleringsplan.
«Eg er veldig godt nøgd med det gode samarbeidet mellom kommunen, Eriksen Eigedom og Myklebust Eigedom i denne saka. Næringsutvikling er viktig for Ørsta, og det var difor veldig kjekt å signere desse avtalane», seier ordførar Stein Aam.
Dei lilla felta på biletet viser regulering av industriareal på Mosflata. Tomtene som kommunen no har selt til Eriksen Eigedom AS og Myklebust Eigedom AS ligg nede til venstre innanfor reguleringa av industriarealet, ved sidan av Fora Form.

Publisert 18.06.2019 10:02