Kommunal planstrategi 2020 - 2024
Planstrategien er ikkje ein eigen plan, men har som føremål å klargjere kva planbehov kommunen har i valperioda. Planstrategien drøftar kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, og sektorane si verksemd. Planstrategien tek stilling til om det er behov for revisjon av gjeldande planar, om planar skal gå ut, og om det er behov for nye planar.
Ørsta kommune vil skape livskvalitet for innbyggarane og bidra til eit berekraftig miljø og samfunn. Tydelege fokehelsestrategiar skal hjelpe oss å planlegge for framtida for alle. Vi skal skape gode vilkår og rammer for næringslivet. Vi skal planlegge for og finne gode løysingar for variasjonar og endringar innan demografi og levekår. Det vil vidare møte oss utfordringar knytt til klima og miljø i framtida. Vi skal gjennom god planlegging sko oss for utfordringane som kjem og bruke moglegheitene dette gir.
I planoversikta for planane i Ørsta kommune vert dei knytt opp mot FN sine berekraftsmål, noko som vil synleggjere samanhengane mellom innsatsen vi legg ned på kommunenivået opp mot dei større måla i berekraftperspektivet.