Knallsuksess med open brannstasjon
Ørsta brann og redning
Open dag på Ørsta brannstasjon var ein knallsuksess i år som i fjor. Det var stort oppmøte, opphaldsvêr og mykje spennande som skjedde.
Brannsjef Thomas Winther Leira fortel at "Open dag er noko vi legg ned mykje arbeid i og det er dermed ekstra kjekt at det kjem mykje folk og vert så vellukka. Det er ein fantastisk arena for å få branntryggleik på agendaen og vise omfanget at det vi styrer med."
Det blei servert vafler og saft, Brannbamsen Bjørnis kom å helsa på og det var mange aktivitetar for store og små rundt på brannstasjonen. Og det heile vart avslutta med ein demonstrasjon av kva som skjer når ein prøvar å sløkkje ein brann i ei frityrgryte med vatn.
Takk til alle som møtte på open dag på brannstasjonen i Ørsta i helga.