.jpg)
Siv Sundgot frå Norconsult presenterte planprogrammet for Ørstafjordkryssinga. Norconsult står for utarbeiding av planprogrammet, der målet er å avklare trasèval som skal utgreiast for kryssing av Ørstafjorden.
Planprogrammet kan du lese her
Alternativa frå planprogrammet

Er det vanskeleg å lese? Alternativa finn du også i planprogrammet ovanfor s. 19-21.
Medverknadsmøte
Ein viktig del av møtet var å høyre på innspela til publikum. Medverknad er viktig. Ein treng å få fram i lyset kvar innbyggjarane meiner vegen burde gå, kva ein må ta hensyn til i planarbeidet og liknande. Det vart i møtet oppmoda om at publikum kjem med skriftlege innspel til høyringsfristen 29.april 2017.
Merknader til planprogrammet skal vere skriftlege, og skal sendast til
postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. Merknadane må vere sendt inn innan
29.04.2017.
NB: Før møtet vart det lagt ut ein film for å vise innhaldet i møtet. Nummereringa her stemmer ikkje med nummereringa på alternativa i planprogrammet. Vi ser at de nyttar alternativa i planprogrammet når de gir tilbakemeldingar.
Møtet vart avrunda med desse orda frå Ordførar Stein Aam:
Vi er avhengige av folket for å gjere gode val framover