Julehelsing frå ordføraren

Les julehelsinga frå ordføraren her:

Eg høyrer til dei som alltid synest at jula kjem litt brått på. Slik også i år, men då eg fekk Maria Mena med «Going home for christmas» på radioen i bilen ein sein kveld, då kom også eg i julestemning. Og eg er av dei heldige som får flokken min heim til jul. Det kjennest trygt og godt å få samle barn, svigerdøtre og barnebarn i gulehuset fremst i Åmdalen. 

Dessverre så er det ikkje alle i familien som er her og kan ta del i julefeiringa. Delar av familien er samla på Ullevål sjukehus med tru og håp om å sjå framgang etter at sjukdom ramma brått og uventa. Livet er med andre ord skjørt og ikkje noko som kan takast for gitt for nokon av oss. Difor bør vi sende nokre varme tankar til dei som sjølv i juletida ikkje kan legge frå seg uroa over kva framtid livet vil gi. 

Men kanskje er det også slik at det å samlast i glede eller sorg gir ein større styrke enn det å sitje einsam i høgtida. Difor vil eg også gi ei takk til dei som i tenkjer på andre og opnar opp heimen sin for fleire eller ordnar julefest, som i Frikyrkja. 

Fred på jord er julebodskapen, men i Gaza og Ukraina så blir menneske skada og drepne kvar dag. Årsaka er at dei som styrer vel å bruke makt og ikkje dialog for å løyse konfliktar. Ein av konsekvensane er at Ørsta det siste året har tatt i mot eit rekordstort tal flyktningar frå Ukraina. 

Demokrati er krevjande, men det er det einaste svaret på dei utfordringane vi står framfor. Dessverre så opplever vi stadig oftare at debattar vert polariserte i uforsonlege synspunkt. Store ord og sterke meiningar får ofte tilhøyrarar, men det er sjeldan det er der du finn dei politiske løysingane. 

Det å verte ny ordførar i Ørsta var ei ære. Dei knappe tre månadane som eg no har bak meg har vore svært interessante. Det er sjølvsagt mykje å sette seg inn i. Eg skal sørge for kontinuitet, samtidig som eg skal legge ein ny strategi. Det politiske samarbeidet i det nye kommunestyret har vore godt, trass i litt støy før konstitueringa. 

I desse månadane har vi arbeidd med fleire saker som vil vere viktige for utviklinga av Ørsta i åra som kjem. 

Velle skule er i god rute og vil vere ferdig til skulestart hausten 2024. Det vil også uteområdet vere etter at planar og finansieringa no vart vedtatt. 

Ny Ørsta vidaregåande skule og nytt kulturhus, Ørsta kultur og kompetansesenter, vart vedtatt både i kommunestyre og i fylkestinget. Dette er eit svært stort byggjeprosjekt som vil ta til for fullt i 2025. 

Det er også fleire aktørar som har spanande planar i sentrum av Ørsta. Eg venter no på at Alti skal gi signal om at dei vil starte arbeidet med utviding av kjøpesenteret. 

Utfordringane opp i alt dette er økonomien. Det har dei siste åra vore ein stor auke i lånegjelda og den vil sjølvsagt auke ytterlegare med desse prosjekta. Eg har lenge meint at det har vore underkommunisert kva konsekvensar den høge lånegjelda vil ha for drifta av Ørsta kommune og skattenivået framover. Her må vi vere mykje tydlegare og det er vi alt i gong med ved å kutte i investeringsplanane.

I Ørsta er det mange lag og organisasjonar som gjer ein stor innsats på mange område. I ei tid då mange slit med økonomien så er det viktig at det vert gitt fritidstilbod til barn og unge, og hjelp og bistand til dei som treng det. Den samla innsatsen frå dei frivillige organisasjonane er svært stor og samfunnet vårt er heilt avhengig av det frivillige arbeide som de legg ned. Tusen takk for innsatsen. Og så vil eg oppmode alle som kan om å engasjere seg.

Ørsta har eit breiddt og spanande næringsliv. Rammevilkåra for næringslivet har vorte svekt dei siste åra og tiltak for å dempe inflasjonen gjer at aktiviteten i samfunnet vert redusert. Det råkar næringslivet vårt. Sjølv om mange næringsaktørar har eit krevjande år bak seg, så opplever eg ei sterk framtidstru og vilje til vidare satsing. Det er viktig for den framtidige sysselsettinga og utviklinga av Ørsta.

Kvart år delar Ørsta kommunen ut prisar på kommunestyremøtet i desember. I år gjekk næringsprisen til Fora Form AS, medan kulturprisen gjekk til Magne Ivar Sætre. Gratulerer så mykje.

Ei helsing også til medarbeidarane i Ørsta kommune som kvar dag leverer tenester av god kvalitet. Den jobben som de gjer er heilt avgjerande for livskvaliteten til mange av innbyggarane våre. Eg ønskjer å takke dykk for jobben.

God jul og godt nyttår til alle i Ørsta.

Per Are Sørheim

 

Marta Lystad Johansen

Følg oss