Jordbruket - Erstatning ved avlingssvikt 2018

Illustrasjonsbilete

Politisk leiing og landbrukskontoret vil kome med følgjande melding:

Tørken i Sør-Noreg har gitt store utfordringar for jordbruket også på Sunnmøre, der mange har opplevd markert mindre avling, då særleg på 1. slåtten. Mange med tørkesvak jord har meldt frå om halv avling etter 1. slåtten i høve til eit normalår. For områda her kor jordbruket er grovfôrbasert er situasjonen krevjande.

Etter kvart har vi fått noko regn slik at 2. slåtten vart betre.  

Situasjonen er slik at mange manglar grovfôr. Vi ser at faglaga og rådgjevingstenestene rår til at alle gjødsler opp til ein 3. slått, sjølv om det ikkje har vore vanleg på våre kantar. Om du sjølv har nok fôr så er det andre i næringa som har behov for at vi går saman for å gjere sesongen best mogleg. Situasjonen gjer at vi treng at alt areal vert hausta og brukt på ein god måte.

I slike år er det viktig at næringa står samla. Dei som er råka bør ta kontakt med rådgjevarar i t.d. Tine, Nortura, NLR, faglaga, og andre i næringa, slik at ein får hjelp i dei val og vurderingar som må gjerast. Det er viktig at ein ikkje vert ståande aleine med for store utfordringar.

 

Søknad om erstatningsordning

Landbrukskontoret sendte 13. juni ut e-post om erstatningsordninga til landbruksføretaka. Ved klimabetinga svikt i produksjonen kan ein få erstatta noko av tapet. Oppmodinga var at dei som rekna med store tap meldte frå til kommunen. Ein pliktar å gi tidleg beskjed om at søknad om erstatning er aktuelt.

Så langt har 23 føretak i Ørsta meldt frå om at søknad om erstatning kan verte aktuelt.

Berekning av tap skjer ut frå middelavlinga siste åra, dvs snitt av dei fem beste av dei siste seks åra. Ved sal av fôr vert dokumentasjon på tidlegare avling henta frå rekneskapen. Totalavlinga i skadeåret må vere under 70 prosent av gjennomsnittsavling for at erstatning vert aktuelt. For grovfôr til eigne husdyr må avlinga vere under 70 prosent av normavling for aktuell kommune.

Søknadsfristen er 31. oktober, men ver god og søk straks siste slåtten er hausta, då sakshandsaminga tek tid med m.a. opptelling/-måling av rundballar/siloar hjå søkjarane.  

 

Ta kontakt med landbrukskontoret dersom du har spørsmål eller innspel.

Kontakt

Børild Skåra rådgjevar
90699240
@ Børild Skåra

Følg oss