Ja til vegpakke – Nei til bom

Kjetil Stand, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Region midt, hadde innlegg om felles samferdselspakke.Onsdag 21. februar husa Ørsta eit felles formannskapsmøte mellom Ørsta og Volda kommunar. Under møtet var det lagt opp til drøfting av vegpakke/samferdselspakke Ørsta - Volda. Ordførar Stein Aam og Ørsta kommune er tydelege på at utbygging av Voldatunellen er viktig og at vi er for dette, men at vi ikkje kan gå med på ein bom i Hovdebygda. Ordføraren meiner at det vil få alt for store konsekvensar for Ørstasamfunnet, innbyggjarane og næringslivet.

(Saklista frå møtet finn du nedst i artikkelen).

Bakgrunn:

Ørsta og Volda kommunar, saman med Statens vegvesen, har etablert ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe  som jobbar med ein felles samferdselspakke for Volda og Ørsta. Styringsgruppa har blitt einige om å gå vidare med ein basispakke, som inkluderar:

  • E39 Volda- Furene (Voldatunellen)
  • Kollektivtiltak
  • Flyplasskrysset
  • Gang- og sykkelveg Åsen – Hovdebygda
  • Utgreiing av Ørstafjordkryssing
  • Nye bruer på Ose og Øyraelva
  • Miljøtiltak i begge sentruma. 

Under sistnemnde punkt, miljøtiltak i sentrum, er ikkje kommunane einige. Volda ønskte å dele midlane likt, medan Ørsta ønskte at desse midla skal nyttast i Ørsta sentrum for å bøte på aukande gjennomgangstrafikk i framtida. Dette kjem mellom anna av at Ørsta ikkje får gjennomslag for Ørstafjordkryssinga i første omgong.

 

- Trufast til basispakken

Ørsta kommune held fast ved basispakken, som styringsgruppa har blitt einige om. Totalsummen på basispakken er 1,512 milliardar, der 1,142 milliardar av desse midla vil gå til Voldatunell med tilhøyrande infrastruktur i Volda. Dei resterande 370 millionane vil gå til felles tiltak i Ørsta og Volda. Samla sett er det lite av desse pengane som vil gå direkte til Ørstasamfunnet. 

Ordførar Stein Aam er einig i at Voldatunellen er viktig og at dette vil avlaste Volda sentrum, på same måte som at Ørstafjordkryssinga er viktig for Ørsta sentrum og avlastinga her. Han er likevel innstilt på at Ørstafjordkryssinga må kome i ein fase 2, sjølv om han på ingen måte vil sleppe framtidsfokuset på fjordkryssinga.


Dette har ordføraren å seie om møtet onsdag:

«Det var ein god tone på formannskapsmøtet onsdag, då samferdselspakken vart drøfta. Den største utfordringa for styringsgruppa er å kome vidare i planane og sikre framdrifta. Vi i Ørsta held fast på å gå vidare med basispakken, slik det var einigheit om i styringsgruppa. Denne pakken inkluderar ikkje ein bom i Hovdebygda», seier ordførar Stein Aam.

 

- Ønskjer ikkje bom i Hovdebygda

Dei største pengane frå samferdselspakken vert lagt igjen i Volda, med tunell, rundkjøring og tilhøyrande infrastruktur. Ørsta kommune, med ordførar i spissen, er likevel einig i at Ørsta skal betale sin del av samferdselspakken, i form av bompengar. Både ordføraren og Ørsta formannskap signaliserte vilje til å forhandle om fordelinga av pengane som skal gå til andre tiltak, for å kome vidare. Ørsta er derimot ikkje enig i at det skal stå ein bom i Hovdebygda:

«Eg fryktar for både næringsverksemda og Ørstasamfunnet elles. Når vi får så lite igjen frå samferdselspakken, kan vi ikkje belaste Ørstasamfunnet meir enn det som er rimeleg. Ein bom i Hovdebygda vil ikkje berre bety at kommunen vert delt, men det vil også bety at Ørsta vert innegjerda og isolert av ferjer og bomveg. Dette vil gjelde sjølv om ein køyrer Voldatunellen eller ei», seier ordførar Stein Aam.


Ordførar Stein Aam held fram med å seie:

«Vi kan ikkje gå med på å gjerde oss sjølve heilt inne som følgje av Voldatunellen, når det likevel er slik at det vil vere fleire ørstingar enn voldingar som betalar for tunellen gjennom dagleg pendling. Volda vil ha sambandet mot Nordfjord ope. Ørsta må då få ha tilgangen til Eiksundsambandet ope».   

 

Saksliste / Tidsplan:

Ørsta rådhus, onsdag 21. februar kl 12.30 – 15.45

 
12.30 – 12.45 Kort innleiing ved ordførarane
12.45 – 13.00  Orientering om nordisk møte 31.mai – 3.juni v/ Lars Petter Øye
13.00 – 13.30  Interkommunale samarbeidsprosjekt v/rådmennene
13.30 – 13.45 Pause
13.45 – 15.00

Vegpakke Volda – Ørsta

Innlegg v/ Svein Sunde (arbeidsgruppa),  Jørgen Amdam (styringsgruppa),
Kjetil Strand (SVV),

Debatt

15.00 – 15.15 Pause
15.15 – 15.30 Strynefjellet, status og prosess v/Svein Sunde
15.30 – 15.45 Kommunedelplan Mork – Hovden v/Jørgen Amdam

Følg oss