Invitasjon til strandryddeaksjon 29. april - 5. mai.

Den årlege strandrydde-dagen vert i år arrangert laurdag 4. mai, strandryddeaksjon 29 april-5 mai. Registrer ryddaksjonar på:
Hold Norge rent
Slik gjer du:
- Alle ryddeaksjonar må registrerast på Hold Norge Rent sin ryddeportal, helst før du hentar utstyr til rydding.
- Når du registrerer ryddeaksjonen på Hold Norge Rent sin ryddeportal, hugs å tilknytt aksjonen til Volda og Ørsta Reinhaldsverk, eller send ein mail til ina@vor.no med aksjonskode, tal på deltakarar og kva område som vert rydda. Du kan også ta kontakt med VØR, som kan opprette ein aksjon for deg.
- Utstyr til rydding får du gratis hjå VØR sin miljøstasjon i Hovdebygda, Frivilligheitssentralen i Volda kommune og Parketaten i Ørsta Kommune. Vi vil oppmode frivillige til å bringe det innsamla avfallet sjølv til miljøstasjonen. Tilhengar kan ein låne gratis på VØR.
- Hugs å oppgi aksjonskode når du leverer og veg avfallet i vekta på miljøstasjonen. VØR vil føre inn vekt og avslutte aksjonen.
- Ved store mengder avfall skal det avtalast eit samlepunkt for avfallet.
- Henting av avfall frå strandryddeaksjonar kan avtalast med VØR, Parketaten i Ørsta ved Olav Saure og Parkvesenet i Volda ved Hildegunn Mork. Ved behov for skyss av avfall med båt kan ein kontakte Bjørkedal kystlag ved Svein Arnesen.
Takk for innsatsen!
Folkehøgskulen i Ørsta ynskjer å vere med å bidra i årets strandryddeaksjon, grunna skuleåret deira må dei gjennomføre ryddedagen tidlegare - laurdag 6. april stiller +/- 62 elevar og ryddar frå Vekslet til Kyrkjevåren ved amfi
Publisert 25.04.2019 10:11