Interkommunalt samarbeid om revisjon av folkehelseoversikt

Klikk for stort bilete

Tysdag 11. juni var første møte mellom kommunane Volda, Ulstein, Herøy, Vanylven og Ørsta om utarbeiding av ny folkehelseoversikt. Ørsta har søkt og fått tilskot frå Forskingsrådet til samarbeidet, og Høgskulen i Volda er med på laget.

Etter folkehelselova skal alle kommunar ha ei oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar i kommunen. Oversikta er sentral i det systematiske folkehelsearbeidet.

Hovudmålet med samarbeidet er å bidra til at folkehelseoversiktene har eit innhald og ei form som gjer at dei vert nytta både i strategiarbeid, overordna planlegging og daglege avgjerder.

Høgskulen i Volda, Folkehelseinstituttet og Møre og Romsdal fylkeskommune bidrog på samlinga tysdag.

«Det er kjekt at vi går saman for å løfte dette arbeidet, og det er grunn til å tru at oversikta vil verte betre enn om vi satt kvar for oss i kommunane» seier folkehelsekoordinator Ingvild Endal.

Fann du det du lette etter?