- Målet er å bli best på kompetanseheving og organisasjonsutvikling
Ulstein er vertskommune for samarbeidet, som får 12 nye tilsette. PP-tenesta skal arbeide for å sikre gode tenester slik at fleire born og elevar kan utvikle seg og lære best mogleg sosialt, fagleg og emosjonelt. Det vert prioritert å auke kompetansen og utvikle organisasjonane i barnehage og skule, her er hovudmålet å bli best i landet på nettopp kompetanseheving og organisasjonsutvikling
Samarbeidet gir moglegheiter for eit betre og meir effektivt arbeid knytt til dei totalt 72 einingane fordelt på barnehagar, grunnskule, vidaregåande og vaksenopplæring i dei fire kommunane. Sjølv om endringar må til, er det viktig for det interkommunale PPT å vidareføre det som har vore bra frå PPT Ørsta/Volda og PPT Ulstein/Hareid inn i det nye samarbeidet.
PPT sitt mandat
Opplæringslova. § 5-6. Pedagogisk-psykologisk teneste
Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk -psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.
Tenesta skal hjelpe skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det.