Intensjonsavtale om utviding av Amfi i Ørsta

Signering intensjonsavtale.JPG

 

Måndag signerte Ørsta kjøpesenter AS og Ørsta kommune ein intensjonsavtale om sal av kommunal eigedom nord for dagens Amfi , i retning Webjørn Svendsen gata og Vikegata. Føremålet med avtalen er å legge til rette for vidare utvikling av kjøpesenteret og Ørsta sentrum.

Prisen for arealet skal fastsettast av takstmenn. Utbygginga av området skal vere i samsvar med den nye reguleringsplanen, som det no er varsla oppstart av. Ei utfordring i reguleringsarbeidet vert å finne gode løysingar for offentleg parkering. I samband med signeringa av avtalen vart det halde samtalar med andre investorar i sentrumsområdet, der moglegheitene for samarbeid og felles løysingar vart drøfta. Dette vert no følgd opp vidare i samband med reguleringsarbeidet og  medverknadsprosessane der. 

Avtalen skal godkjennast av Amfi sitt styre og Ørsta formannskap, før den vert gjort gjeldande. 
 

Følg oss