Innspel frå Ørsta til ny Fylkesplan 2017-2020

I samband med forslag til ny fylkesplan 2017-2020 heldt fylkeskommunen eit ope høyringsmøte i Ålesund 7.september 2016. Kommunar, regionale instansar, næringslivet, organisasjonar, forskings- og utdanningsinstitusjonar, kulturlivet og andre som har interesse for samfunnsutviklinga var invitert.
Fylkesplanen er oppbygd etter
-
3 prioriterte tema: Omstilling, integrering, attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar),
-
3 gjennomgåande perspektiv: Klima og miljø, barn og unge, likestilling og inkludering
-
3 prioriterte satsingsområde: Kompetanse og verdiskaping, samferdsel, kultur
Formannskapet vil sende innspel til fylkesplanen i løpet av september. Ørsta kommune informerte om hovudpunkta frå førebelse drøftingar i leiargruppa:
-
Volda/Ørsta som regionsenter (4.byen), felles innsats for dei regionale funksjonane, felles bu-og arbeidsmarknad
-
Planen og prioriteringane må følgjast opp med økonomiske ressursar for gjennomføring
-
Folkehelse/psykisk helse: Behov for ei heilskapeleg satsing, og kan vere eit aktuelt tema for fellesprosjekt.
-
For lite fokus på landbruk og skogbruk. Koplinga til aktive bygder, kulturlandskap og reiseliv
Dessutan vart fylkeskommunen utfordra på sterkare kontakter og arbeid inn mot sentrale styresmakter og stortinget for å nå fram med viktige saker for Møre og Romsdal.
Andre innspel på møtet var større satsing på kollektivtrafikk, vektlegge og stimulere frivillig innsats, lag og organisasjonar, digitalisering/ teknologiutvikling, kompetanse og gode utviklingsmiljø, internasjonalisering.
Publisert 13.09.2016 11:09