Innflyttingsklare omsorgsbustader i Vallamarka

VallamarkaØrsta kommune har helse- og omsorgsbustader ledig for leige i Vallamarka. Bustadane ligg i andre og tredje høgda over det nye legesenteret og er moderne utforma og tilrettelagt for personar med assistansebehov. Innflytting kan skje frå mars månad.

 Søknadsskjema - elektronisk

Søknadsskjema - PDF

 

Ulik storleik på bustadane

Dei 20 bustadane har ulik storleik frå 40 m2 til 80 m2, men dei fleste er ca 53 m2 store. Dei minste leiligheitene er utan soverom medan den største leiligheita har 2 soverom.

I kvar etasje er det til disposisjon romsleg med fellesareal, m.a vinterstove med god utsikt. Alle leiligheitene disponerer eiga bod på ca 8-9 m2. Bustadane er lett tilgjengeleg med heis og høve for bilparkering også for besøkande.

 

Bygde med tilskot frå Husbanken

Leiligheitene er bygde med tilskot frå Husbanken og har subsidiert husleigepris som inkluderer kvitevarer og fellesutgifter som kommunale avgifter, forsikring, TV-signal, reinhald i fellesareala og vaktmeister for bygget. Innbuforsikring og oppvarming kjem i tillegg.


Leigeprisar på bustadane vert :

  • 2 bustader ca 40 m2 kr 7 575,- /mnd
  • 3 bustader ca 50 m2 kr 8 200,- /mnd
  • 14 bustader ca 54 m2 kr 8 500,- /mnd inkl. 1 soverom
  • 1 bustad ca 79 m2 kr 10 000,- /mnd inkl. 2 soverom

Alle som får tildelt bustad vil få tilbod om å søkje bustønad i Husbanken. Bustønad er behovsprøvd, men vil med dagens satsar redusere husleiga med eit par tusen kroner for dei med låg inntekt.

 

Tildeling av leiligheitene vert behovsprøvd


Primær målgruppe for utleige er:

  • personar med langvarige somatiske sjukdomar eller funksjonshemmingar og som treng
  • ein tilpassa og funksjonell bustad og har
  • behov for helse-, pleie- og omsorgstenester til ulike tider av døgnet.

Det er ikkje planlagt at bygget skal ha fast tilsett personell, men verte serva med hjelp frå heimebasert omsorg som skal ha base i nabobygget.

Følg oss