Informasjon om forslag til soneskilting i Grepalia

Skiltplan-Grepalia.jpg

Ørsta kommune har lagt ut forslag til ny skiltplan for Grepalia til høyring. Saksgangen ved skiltvedtak er heimla i lovverket. Denne kan vere ulik for dei ulike skilttypane. For det aktuelle skiltet i dette planforslaget, skilt 366 «Fartsgrensesone»,  er det i følgje Skiltforskriften §26 Politiet og Regionvegkontoret som skal uttale seg før vedtak blir fatta. Skiltplanar som omfattar fartsgrenser på offentlege vegar vert ikkje sendt ut på høyring hjå tilstøytande grunneigarar til dei ulike vegane.

 

Ved fastsetting av fartsgrenser tek ein omsyn til 3 hovudkriterier;  busetnad (tett eller spreidd busetnad), aktivitet (særleg talet på gåande og syklande) og separering mellom bilar og gåande/syklande (om det er fortau, gang-/sykkelveg eller ikkje). Dette er nærare beskrive i NA-rundskriv nr. 05/17 av 19. sept. 2005 for fartsgrenser i byer og tettsteder.

På bakgrunn av dette har Ørsta kommune lagt fram forslag om at det for deler av Grepalia vert ny fartsgrense, 30 km/t. Sjå kartskisse for detaljar. I følgje Statens vegvesen Handbok N300 Del 3, Trafikkskilt, skal 30-soneskilt supplerast med fysiske fartsdempande tiltak. Det er difor lagt inn to fartshumpar i skiltplanen, begge plasserte i Håkonsgata (sjå kartskisse).

I forslaget er det ikkje lagt inn 30-sone for nedre del av Grepalivegen eller for Håkonsgata frå krysset mot Grepalivegen til krysset mot Garvargata. Dette med bakgrunn i at ein her har fortau og/ eller gang- /sykkelveg langs gata. For å betre tryggleiken til gåande og syklande på desse strekningane ønskjer kommunen til å sette opp nye og fleire veglys på strekningane der ein vil behalde fartsgrense 50 km/t . Forslaget ligg no inne til høyring hå Regionvegkontoret.

Følg oss