Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Her er intensjonsavtalen om samanslåing av Ørsta og Volda

Ordførarane i Ørsta og Volda.jpg

Slik er den nye Volda-Ørsta kommune tenkt. I dag får politikarar og innbyggarar i Ørsta og Volda vite korleis avtalen om ein ny kommune ser ut.

Forhandlingsnemnda med medlemer frå kommunestyra i Ørsta og Volda har gjennom fleire møte arbeidd seg fram til ein intensjonsavtale der ein strekar opp hovudpunkta for ein ny Volda-Ørsta kommune.
  • Balansert, seier både ordførar i Ørsta, Stein Aam, og ordførar i Volda, Jørgen Amdam, om avtalen forhandlingsnemnda har kome fram til.
I avtalen går ein inn på både overordna mål og konkrete punkt som angår kvardagen til folk.
Ein ny Volda-Ørsta kommune skal ha levande bygder og sterke sentrum. Med ein ny Volda-Ørsta kommune bygger ein det fjerde tyngepunktet i fylket og eit tydeleg regionsenter. Slik kan ein også drive maktbygging opp mot dei store sentraliseringsstraumane. Den regionale tankegangen står også bak når ein går ned på konkrete punkt for satsing i framtida. Då gjeld det regional fleirbrukshall  med regionalt symjebasseng i Ørsta og regionprosjektet mediehus med kultursal i Volda.
 

Nær innbyggarane

Kvardagen for folk flest vil halde fram som før. Avtalen er tydeleg på at kommunale basistenester fortsatt skal vere nær innbyggarane.

  • Dette betyr gode, tilgjengelege tenester både i bygdene og i sentrum, heiter det i avtalen.
Kommunenamnet som er foreslått er Volda-Ørsta kommune. Forhandlingsnemnda meiner det er naturleg at det vert arrangert ein open idekonkurranse om korleis kommunevåpenet skal sjå ut. Både Ørsta og Volda held fram som senter, og Ørsta skal ha dei strategiske leiarfunksjonane som ordførar og rådmann med stab medan Volda skal ha leiarfunksjonane for dei mjuke tenestene som oppvekst og helse/omsorg, mellom anna med tanke på å drage nytte av fagleg samarbeid med Høgskulen i Volda.
-          Det er ein klar intensjon at det skal vere balanse mellom ansvar og arbeidsplassar i dei to rådhusa og kommunale bygg, seier avtalen.
 
Alle tilsette skal halde fram i den nye kommunen og alle tilsette sin noverande rettar vert vidareført.

Folkerøysting


Intensjonsavtalen vert no gjort kjent for politikarar og innbyggarar. Avtalen vert lagt på heimesidene til kommunane der folk kan lese både utkast til avtale og økonominotatet som ligg ved. Ordførarane seier det har vore lagt vekt på å lage ein oversiktleg og overkomeleg avtale, og håper innbyggarane tek seg tid til å sjå gjennom dei fem sidene og skaffe seg kunnskap om kva som er forhandla fram.
Forhandlingsnemnda ser føre seg at det kan bli mindre redaksjonelle endringar, men vil ikkje gå inn i store, innhaldsmessige diskusjonar før avtalen skal skrivast under 15. mars. Når avtalen er underskriven, skal han ut til politisk handsaming i Ørsta og Volda.
Ordførar i Volda, Jørgen Amdam, har trur på at avtalene vil verte vedteken i kommunestyret i Volda. Også Ørsta-ordførar Stein Aam trur avtalene går igjennom i Ørsta, og seier han blir overraska viss ikkje.
Dersom avtalen vert vedteken av dei to kommunestyra, er det klart for rådgjevande folkeavstemming i begge kommunane 19. mai. Det endelege vedtaket vert gjort i kommunestyra i Ørsta og Volda i juni. Ein ny kommune vil eventuelt vere på plass i 2020.
 
Her kan du lese Intensjonsavtalen med eit eige økonomivedlegg 
 
 
 
 

Følg oss