Helsing frå 4.klasse Hovden skule

4.klasse_HovdenSkule.jpg

Elevane i 4. klasse ved Hovden skule helsar God jul til alle i lokalsamfunnet! Klassa har hatt to dagar med Vårt lokalsamfunn (fredag 16. og måndag 19. desember) Flinke og kjekke elevar. Frå kommunen var det varaordførar Karen Høydal som hadde timane.

I første økta lærar elevane om kva eit lokalmiljø er, kven arbeidar der, viktige institusjonar som til dømes butikkar, skule, sjukehus, politi, reinhald, leikepark, rådhus og vegar.

I andre økta ser vi på illustrasjonsplakaten der det er eit tomt lokale. Elevane arbeidar i grupper for å finne ut kva slag butikk det er viktig å få der. Gruppene må bli samde om eitt forslag. Når alle forslaga er fremja, stemmer klassa ved handsopprekking over eit vinnarforslag.
 
I tredje økta er det ikkje berre ein butikk, men eit heilt lokalmiljø/by som skal byggast. Her skal ein plassere bustadar, butikkar, og  store institusjonar som rådhus, skule, kontor, fabrikk eller liknande. Gate og byen/tettstaden får namn. Resultatet blir hengt opp og presentert for klassa. Kvar gruppe  har 100 byggepoeng og må prioritere strengt.
 
Yrkesgruppene i samfunnet er viktig, og forskjellen på offentleg og privat sektor. Elevane får tildelt eit yrke, får utbetalt lønn og blir trekt i skatt. Alle betalar skatt og det blir samtale om kva skatten blir brukt til. Pengane sirkulerer i samfunnet. Gjennom ein illustrasjon viser ein korleis lønna ein tener på ein skofabrikk går til banken og blir brukt. Ein handlar på matbutikken som må ha meir varer, bonden som produserer mat må ha meir utstyr, øydelagt utstyr må reparerast på bilverkstad, mekanikaren må ha nye skor. Slik flyttar pengane seg. 
 
Til slutt får elevane i elevboka som alle får utdelt, lage ei liste over dei jobbane ein kan tenkje seg å ha og det har dei mange tankar om!
 
God jul!
 

Følg oss