Helikoptertrafikk mellom Nivane og kanalvegen
Fredag 13.august skal restane frå den gamle rassikringa på Nivane flygast ned frå fjellet. Restane vil midlertidig bli lagt på kanalvegen mellom Vinjevoll og Vikegeila.
Ber difor om at det vert så lite trafikk som mogeleg langs kanalvegen mellom bommane i kvar ende medan flyginga held på. Det er venta at flyginga vil starte frå klokka 09.00 og vere ferdig til 10.00. Helikopteret skal gjere 3 avleveringar av materiell på Kanalvegen. Etter at materiellet er kome ned på kanalvegen vil kommunen køyre dette vidare til godkjent deponi med lastebil på kanalvegen via Vikegeila
Publisert av Elisabeth Sæbønes
Sist endra 12.08.2021 15:55