Heimetenestene og sjukeheimane med gode resultat

Tabell_brukarundersøking.jpgØrsta kommune gjennomførte i mai ei brukarundersøking, med god respons frå både brukarar og pårørande. Resultata var vekta frå 1 til 6, der det høgaste er det beste.  Dette er ei standardundersøking laga av bedrekommune.no, som gjer at vi kan samanlikne oss både med andre kommunar og med landsgjennomsnittet. 

Dette er andre gongen undersøkinga er gjort, første gongen var i mai 2016.  Undersøkinga skal gjennomførast årleg, og vi vil då etter kvart kunne føre statistikk over framgangen både på nasjonalt og på lokalt plan.

Resultata frå undersøkinga i 2017 viser at Ørsta ikkje ligg så langt unna landsgjennomsnittet.  I heimebasert omsorg har ikkje resultata endra seg sidan 2016, og på sjukeheimane ser det ut til at brukarane har vorte meir fornøgde, samstundes som pårørande har vorte mindre fornøgde.

Dei enkelte einingane vil framover gå nærare inn på resultata frå undersøkinga, og jobbe vidare med å forbetre seg der det er behov for det.  

Følg oss