Har du registrert hjartestartaren din? Den kan redde liv!

Kart frå 113.no over hjertestartarar i Ørsta kommune. Gå inn på 113.no for å sjå kart ein kan navigere i. Google maps

Rundt 3000 menneske i Noreg får plutseleg og uventa hjartestans utanfor sjukehus kvart år.

Det viktigaste er å starte hjartekompresjonar fram til ambulansen kjem. Har du tilgang på ein hjartestartar er det lov å bruke den, men ein skal IKKJE stoppe med hjartekompresjonar for å leite etter den.

Ørsta kommune håper å få flest mogleg hjartestartarar registrert, slik at dei som finst er så tilgjengeleg som dei kan vere.

Det offentlege hjartestartarregisteret finner du på 113.no, er drifta av helsemyndigheitene og gjer hjartestartarar tilgjengeleg for 113-sentralen. Her kan du finne, registrere og få vite meir om hjartestartarar.

Registeret er opent for alle og vert nytta aktivt av 113-sentralen som kan opplyse innringar om næraste hjartestartar ved behov. Inne på nettsida 113.no/hjertestarterregisteret kan du legge inn adressa di i søkefeltet og få opp hjartestartarar i nærleiken.

Registrer hjertestartar

 

Registreringa

Om hjartestartaren ikkje alltid er tilgjengeleg, som for eksempel berre i opningstidene til ei verksemd, er det mogleg å legge inn kva tid, dagar eller periode den er tilgjengeleg.

Skjermbilde frå registreringa.

Det er også mogleg å legge inn beskriving av tilkomst og bilete. Du kan også leggast inn informasjon som berre er tilgjengeleg for naudetatane. Til eks. kode for å komme inn i bygget. Dermed kan 113-sentralen beskrive tilkomsten i detalj om nødvendig.

Skjermbilde frå registreringa. 

Registeret skal vere så oppdatert som mogleg og krev derfor at den som legg inn ein hjertestartar sjekkar den halvårleg og bekreftar på nettsida. Dette får du e-post varsel om og er gjort med få taste trykk. Dermed kan du vere ganske sikker på at det som viser i registeret faktisk stemmer.

Skjermbilde frå registreringa. 

Registrer hjartestartaren din på 113.no. Den kan redde liv.

Følg oss