Godt resultat på brukarundersøkinga til NAV Ørsta/Volda!

NAV.jpg

NAV Ørsta/Volda hadde i november 2016 brukarundersøking som gjekk over to veker. Resultata viser at det lokale NAV-kontoret gjer det jamt over godt. 

Resultatet av undersøkinga viser at våre brukarar er godt nøgde med sitt lokale NAV-kontor, og dei gir kontoret ein samla score på 5 av 6 mogelege. Dette er same resultatet som i 2015.

Brukarane av NAV Ørsta/Volda meiner dei vert møtt med respekt og god service, og er trygge på at rettane deira vert ivaretekne. Dei meiner dei får den informasjonen dei treng, samt at dei har høve til å legge fram si sak uforstyrra.

Føremålet med lokale brukarundersøkingar i NAV er å gi brukarane høve til å gi tilbakemelding på ulike områder. På denne måten får NAV viktig informasjon som vert nytta til vidare utvikling av kontoret. Materialet vert også nytta i direktoratet til resultatoppfølging og analyser.

Hausten 2016 vart undersøkinga gjennomført i perioden 7. – 18. november. Undersøkinga vart svart på av brukarane på publikums-pc på NAV-kontoret.

Undersøkinga kunne svarast på på fleire språk i tillegg til bokmål og nynorsk. 

Følg oss