Godt resultat på brukarundersøkinga til NAV Ørsta/Volda!

NAV.jpg

NAV Ørsta/Volda hadde 10. mai -16 partnerskapsmøte, der både NAV Møre og Romsdal, NAV Ørsta/Volda og Ørsta og Volda kommune var representert. I møtet vart m.a. resultata for 2015 presenterte, og det lokale NAV-kontoret gjer det jamt over godt. 

Resultat av brukarundersøking hausten 2015 viser at våre brukarar er godt nøgde med sitt lokale NAV-kontor. NAV Ørsta/Volda er mellom dei kontora som kjem best ut i fylket, kontoret har også hatt framgang frå 2014 til 2015. Brukarane gir kontoret ein samla score på 5 av 6 mogelege.

Brukarane av NAV Ørsta/Volda meiner dei vert møtt med respekt og god service, og er trygge på at rettane deira vert ivaretekne. Dei meiner dei får den informasjonen dei treng, samt at dei har høve til å legge fram si sak uforstyrra.

Føremålet med lokale brukarundersøkingar er å gi brukarane høve til å gi tilbakemelding om NAV-kontoret og å få informasjon som vert nytta i den vidare utviklinga av kontoret. Materialet vert også nytta i direktoratet til resultatoppfølging og analyser.

Hausten 2015 vart undersøkinga gjennomført i 13 fylker, i perioden 2.-20. november. Undersøkinga vart svart på av brukarane på publikums-pc på NAV-kontoret.

Ein kunne svare på undersøkinga på fleire språk i tillegg til bokmål og nynorsk.

Følg oss