Godt resultat i effektivitetsanalysen

Ørsta kommune - 5. mest effektive kommune i Kostragruppe 10.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet la denne veka ut ein effektivitetsanalyse som gjer det mogleg for kommunene å samanlikne kor gode dei er til å nytte ressursane sine på skule, barnehage, og pleie og omsorg. Ørsta fekk eit godt resultat med ein samla effektivitetsverdi på 86 av 100. 

Analysen viser både eit samla resultat for kommunene og eit resultat for kvar sektor. Dei mest effektive effektive kommunene innanfor eit tenesteområde og ei gruppe av samanliknbare kommuner, får effektivitetsverdi 100. Dersom ei kommune får verdien 70 innanfor eit tenesteområde, tilseier dette at kommunen er 30 prosentpoeng mindre effektiv enn den mest effektive kommunen. 

Resultatet

Ørsta tilhøyrer Kostragruppe 10 som femner om mellomstore kommuner med middels store bundne kostnadar, og lave frie disponible inntekter. Ein samla effektivitetsverdi på 86 i 2015, gjer at Ørsta kjem ut som nummer 5 i si gruppe. Resultatet er ei lita forbetring frå 2014, då Ørsta hadde 82 av 100. 

I barnehagesektoren har ein opplevd at effektivitetsgrada har gått nedover frå 86 i 2014 til 78 i fjor, noko som resulterar i ein 14. plass i gruppe 10. For grunnskulen har resultatet auka litt med eit resultat på 83 i fjor, samanlikna med 80 frå 2014. Dette gir ein 9.plass i gruppa. Den største auka opplev pleie og omsorg med heile 91 i fjor, samanlikna med 82 i 2014. Dette gir Ørsta 5.plass.

Metode

Metoden som er nytta seier noko om den enkelte kommune sin effektivitet knytt til beste etablerte prakis. Analysen viser difor i kva grad dei tilgjengelege ressursane er utnytta, såkalla teknisk effektivitet. Det analysen ikkje viser er om andre effektivitetskrav enn dette er oppfylt, dette omhandlar resultat, formål og prioritering. Ønskjer du å lese meir om analysen, kan du gjere det her

 

Analysen er levert av Senter for økonomisk forskning (SØF) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kjelde: Kommunal og moderniseringsdepartementet.

Følg oss