Godt frammøte på Landbrukskonferansen

Bilde viser ein nesten full sal. - Klikk for stort bilete Jan Endre Nesdal

Sjølve arrangementet vart arrangert som eit samarbeid mellom Ørsta næringskontor, Ørsta kommune – Ørsta Volda landbrukskontor, og dei ulike faglaga i kommunen. 

Landbrukskonferansen fann stad på Ørsta kulturhus fredag den 24. november 2023 og vart vellukka med godt frammøte på om lag 140 deltakarar frå heile regionen.

Det var mange interessante føredragshaldarar som snakka om norsk sjølvforsyning og bærekraft frå ulike ståstader, og konferansen vart avslutta med ein frisk debatt. 

Lunsjen vart servert av dyktige elevar frå Ørsta vidaregåande skule. Dei hadde forberedt og presenterte eit godt måltid som besto av hjortepølse frå Hovdenakk hjort, lokalt produsert og servert med velsmakande tilbehør. Dette gav ein smakebit på dei kvalitetsprodukta som blir produsert i regionen vår.

Arrangementet var ein flott møteplass der kunnskap, erfaringar og matglede vart delt, og bidreg til å styrke samhaldet mellom ulike aktørar innanfor landbruket i vårt lokalområde.

Odd Bjarne Bjørdal var programleiar. Jan Endre Nesdal Lunsjen vart servert av dyktige elevar frå Ørsta vidaregåande skule. Jan Endre Nesdal

Følg oss