Gode resultat frå brukarundersøking i heimetenestene og sjukeheimar

Brukarundersøking-rapport.jpg

Ørsta kommune gjennomførte i mai ei brukarundersøking, med god respons frå både brukarar og pårørande.  Resultata var vekta frå 1 til 6, der det høgaste er det beste.  Dette er ei standardundersøking kjøpt av bedrekommune.no, som gjer at vi kan samanlikne oss både med andre kommunar og med landsgjennomsnittet. 

Resultata frå undersøkinga viser at Ørsta ligg på landsgjennomsnittet når det gjeld sjukeheimar, og litt over snittet når det gjeld heimebasert omsorg:

Tabell.jpg

Resultata vart lagt fram for levekårsutvalet 1. juni, og politikarane var samde om at resultata viser at dei tilsette gjer ein god jobb for brukarane i Ørsta. 

Dei enkelte einingane vil framover gå nærare inn på resultata frå undersøkinga, og jobbe vidare med å forbetre seg der det er behov for det.  Undersøkinga skal gjennomførast årleg, og vi vil då etter kvart kunne føre statistikk over framgangen både på nasjonalt og på lokalt plan. 

Følg oss