God innsats i Strandryddeveka

Den nasjonale Strandryddeveka gjekk av stabelen mellom 11. og 19. september. Det er den ideelle foreininga Hold Norge Rent som står bak organiseringa av aksjonen, og dei kallar strandryddeveka for Noregs viktigaste miljødugnad.

I Ørsta har både skuleklasser og avdelingar i ulike barnehagar vore engasjerte, og i tillegg har fleire private også vore ute og rydda. Til saman har det kome inn over 150 kg søppel, og mykje av dette har vore bittesmå plastartiklar, så gjengen har verkeleg stått på.  

Alle som har vore med og rydda har fått tilbod om gratis ryddeutstyr frå VØR. Dette er noko ein kan få heile året om ein vil ut å rydde. 

Ørsta kommune og VØR ynskjer å rette ein takk til alle som har bidrege i dugnaden, godt jobba!

Følg oss