God helse: Tenk over kor mykje du drikk framfor borna i sommar

Bilde av ei mor med to barn som smiler. - Klikk for stort bilete Bård Gundersen

For mange vaksne er sommarøl og kvitvin ein del av feriekosen om sommaren. Men kvar går eigentleg grensa når ein er saman med born?

Av Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til og Ingvild Endal, folkehelsekoordinator i Ørsta kommune

Når det er ferie, unner vi oss gjerne litt ekstra, både av god mat og drikke. Ofte kan det bli litt meir alkohol enn elles i året.

Mange born synest det er heilt greitt at foreldra kosar seg med litt vin eller øl til grillmaten. Samtidig er det lett å undervurdere kor kjapt borna merkar ein skilnad hos oss vaksne som dei synest er ubehageleg. Derfor er det viktig å ha eit medvite forhold til kvar grensa går.
 

Ønskjer seg foreldre som er slik dei alltid brukar å vere

Alle born er ulike, men felles for dei fleste er at dei ønskjer seg foreldre som oppfører seg akkurat slik som dei brukar å gjere. Det gir dei tryggleik. Når vi drikk alkohol, endrar vi veremåte. Det skal lite til for at eit born føler skilnaden.

Eit hyggjeleg middagssamkome der vi vaksne synest det er god stemning, kan vere heilt annleis for dei små. Effektane av alkohol som vi vaksne gjerne ser på som positive, til dømes at vi ler meir og snakkar litt høgare enn vanleg, kan gjere borna utrygge.

Sjølv er ein gjerne den siste som merkar at ein har drukke. Derfor er det lurt å stoppe i god tid – før ein sjølv kjenner verknaden av alkoholen.
 

Dei fleste vel alkoholfritt saman med borna

Av-og-til måler jamleg haldningane til alkoholbruk. Tala viser at 53 prosent sjeldan eller aldri drikk når dei er saman med born om sommaren, og dei aller fleste som drikk alkohol, held seg til maks to glas. Det er godt og trygt for borna.

Sommarferien er eit høgdepunkt for både store og små. Minna frå desse vekene er noko borna vil ha med seg resten av livet. Ta med deg råda nedanfor, så blir sommarferien endå kjekkare for alle.
 

Gode råd om born og alkohol:

  • Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med born
  • Hugs at born merkar at du har drukke, tidlegare enn du trur
  • Ha flest dagar utan alkohol, sjølv om du har fri
  • Bli einig med andre vaksne som du er saman med, om kva som er greitt og ikkje når det er born til stades
  • Unngå å drikke på ein måte som går ut over planar med borna
  • Ver spesielt medviten dersom de skal reise bort – born kan ha eit ekstra behov for trygge vaksne i eit framandt miljø.

 

God sommar!

Følg oss