
Etter snøsmeltinga dukkar det opp mykje boss rundt om i kommunen. Ørsta kommune er klare for å ta sin del av arbeidet, men oppmodar samtidig skular, organisasjonar og andre aktørar om å rydde i sitt nærområde.
«Frå kommunen vil både parkvesenet og uteseksjonen køyre feiemaskiner i fleire veker framover, samt reparere brøyteskader som har oppstått. Vi ryddar også badestrender for tang og anna rusk før 17. mai, og vil også ta i mot boss som lag og organisasjonar plukkar», seier Saure. Han ber om dei som plukkar boss i nærområdet sitt seier i frå, slik at parkvesenet/ uteseksjonen får ta med boss-sekkane til VØR.
«Strandryddeveke» og gratis innlevering av boss
Kommunen og parkvesenet har eit godt samarbeid med Ørsta frivilligsentral, VØR, Naturvernforbundet og «hold Norge rent». Ut av desse samarbeida kjem mellom anna eit stort fokus på den «Nasjonale strandryddeveka», frå 30. april til 6. mai.
Rebecca Riise Bjerknes, dagleg leiar i Ørsta frivilligsentral, er koordinator for arbeidet i høve «strandryddeveka». Ho har mellom anna sendt ut invitasjon til grendelaga med oppmoding om å vere med å rydde:
«Dei som ønskjer å vere med på å rydde kan ta kontakt med meg for å avtale tid og stad for henting av sekkar og hanska. Eg melder vidare frå til VØR som hentar bosset og registrerar dei ulike laga og kvar dei ryddar. Dei har dialogen med «hold Norge rent», seier Riise Bjerknes.
Ho påpeikar at alle som ønskjer å delta og rydde er hjarteleg velkomne til å hjelpe. Det er heller ikkje sett eit spesifikt tidspunkt for når dette må gjerast, du kan gjere det når det passar deg!
Kontaktinformasjon
Om du har samla inn boss, eller treng sekkar og hanskar, kan du ta kontakt med
- Rebecca Riise Bjerknes, 94 87 65 31
- Olav Saure, 48 99 34 66
OBS!: Ørsta kommune ønskjer å kome i kontakt med / fremje lag, foreiningar og private som har dugnad og ryddar rundt om i kommunen vår. Send oss gjerne bilete, litt tekst eller tips om kven som gjer gode dugnadsarbeid til foto@orsta.kommune.no. Takk på førehand!