Gjennomført kompetanseheving i velferdsteknologi

Her informerer digitaliseringsleiar Bjørn Heggen om status for velferdsteknologien i Ørsta. Sylvi Romestrand

I november 2022 byrja over 30 tilsette frå ulike teneste- og fagområde på opplæringspakken Velferdsteknologiens ABC. Målet var å heve kompetansen på velferdsteknologi som ein del av kommunal tenesteyting. I februar i år kunne vi feire god innsats og gjennomført opplæring med ei samling for heile gruppa.

I november 2022 byrja over 30 tilsette frå ulike teneste- og fagområde på opplæringspakken Velferdsteknologiens ABC. Målet var å heve kompetansen på velferdsteknologi som ein del av kommunal tenesteyting.

I Ørsta er vi godt i gang med innføring av velferdsteknologi og no har vi fått styrka laget.

Vi har hatt fem samlingar i lokale tverrfaglege arbeidsgrupper og tre felles digitale samlingar i regi av Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) og Arena for Læring om Velferdsteknologi (ALV). I tillegg har dei tilsette jobba individuelt med e-læring mellom samlingane.

Velferdsteknologiens ABC er ein opplæringspakke for kommunane som er utvikla i eit samarbeid mellom forskarar,  utviklingssenter for sykehjem og hjemmetenester, representantar frå  kommunar og Nasjonalt Velferdsteknologiprogram, og gjort tilgjengeleg på KS sine sider. Pakken inneheld 5 emnemodular med arbeidsoppgåver og ein ressursbank. Helsedirektoratet ved Nasjonalt Velferdsteknologiprogram finansierer opplæringspakken og Ørsta kommune har fått kompetansetilskot frå Statsforvaltaren til å gjennomføre tiltaket.

Dei tilsette har mellom anna vore gjennom emna kartlegging av brukarbehov og tenesteforløp, etikk, lovverk, informasjonstryggleik og personvern, organisering og drift av velferdsteknologi i tenestene og implementering, tenesteinnovasjon og samskaping.

Framover skal vi jobbe med å få på plass meir informasjon på heimesida om kva teknologi som er i bruk i kommunen og også  informasjon om kva kvar einskild  kan skaffe seg sjølv for ein enklare kvardag.

 Vi ønsker også å etablere eit møtepunkt der innbyggarane kan kome og sjå korleis dei ulike løysingane ser ut og få informasjon om korleis dei fungerer.

Ei godt gjennomført opplæring og auka kompetanse for kommunen må sjølvsagt feirast med kake og utdeling av kursbevis!

Les også Kompetanseheving i velferdsteknologi.

Sigrun Halkjelsvik overreker Ingeborg Kjalnes kursbeviset. Sylvi Romestrand

Følg oss