Geologen sin førebelse rapport - Hustadneset

Gunnar Wangen

Viser til synfaring i dag - Det har gått 2 jordskred over Hustadnesvegen i går ettermiddag, der det siste og største av desse tok med seg straumnettet. Det største skredet av dei to som har gått, har vorte løyst ut i eit område der Dagmar i 2011 bles ned skog.

Losneområdet er brattare enn 30 grader, basert på høgdedata. Skredet har fulgt ei eksisterende ravine og kryssa vegen og til slutt runne ut i fjorden etter å ha teke med seg to naust. Årsaka til skreda er truleg kombinasjonen av vassmetta grunn og mykje nedbør på kort tid. I losneområdet ser det ut som at skredet har gått heilt ned på berget.

Asplan Viak AS  

Basert på høydedata for området er det tydelig forsenkningar (ravine) i område som er spor av tidligare erosjon/skred. Desse danna i dag tydelege dreneringskanalar for vatn. Av utsnittet under kan ein tydeleg sjå desse ravinene. Skredet som har gått i går (14.10.2021) er losneområdet merka med blå sirkel.

Asplan Viak AS   

Basert på vervarslinga dei neste dagane vil det vere fornuftig å halde vegen stengt fram til søndag morgon. Då kan ein gå inn å reparere skadane. I følge vermeldinga er det då omlag 6 timar sidan det har kome nedbør slik at fjellsida får tid til å drenere.

Arbeidet bør gjerast i dagslys, og ein bør følge med på eventuelle fargeforandring på vatnet som renn ned. Erfaringsmessig vil det vera knytt ustabilitet til ferske jordskred og ved høg nedbørsintensitet kan sidekantane vaskast ut og mindre utglidningar i same skredbanen kan forekome.

Ein bør vurdera å stenge vegen på onsdagen også basert på vermelding. Stenginga kan gjerast i samråd med dei som bur på Hustadneset. Det kan f. eks gjevast løyve til  transport i korte periodar dersom det er naudsynt for dei som bur der, men opphald i nærleiken av skredet er ikkje å tilrå.

Hytta som ligg rett vest for skredet bør informerast om at det ikkje er tilrådeleg å nytta denne før vegen vert rydda att. Dette grunna nærleiken til skredet og at det er slike raviner bak hytta.

   Asplan Viak AS    
 

Følg oss