Ørstaheimen har fått ein bil i gåve frå anonyme givarar. Foto: Maria Engeseth
Ørstaheimen har fått ein heilt ny bil i gåve frå privatpersonar. Det er fleire som er med på det, og dei ønskjer å vere anonyme.
Bilen er ein Fiat Doblo og skal nyttast til bebuarane slik at dei kan kome seg på tur ilag med familie eller kjende. Før bilen kan ta med passasjerar i rullestol må vi får den tilpassa, det skjer over nyttår.
Inger Liadal, seksjonsleiar for omsorg og sjukeheim takkar for gåva.
Det er ei svært raus gåve og eg må berre takke hjarteleg på vegne av alle oss her. Dette er stort for oss.
Publisert 21.12.2020 12:57