Garden som ressurs

Ørsta kommune

Tysdag 19. november 2024 arrangerte Landbrukskontoret Ørsta/Volda, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag, og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, til mobiliseringssamling på Josybuda på Kalvatn med tema “Garden som ressurs”.

Med påmelde og arrangørar var vi 45 deltakarar.  

Garden som ressurs-prosjektet er ein møteserie i Møre og Romsdal som har som mål å stimulere til auka samarbeid og engasjement hjå lokale grûnderar. Møtet skulle bidra til å lyfte fram dei som går med tankar om å utvikle noko på eigen gard og bidra til kontakt med støtteapparatet.

Oddhild Kalvatn ved landbrukskontoret Ørsta Volda ønska velkommen saman med vertskapet på Josybuda, Synnøve og John Leirvik. Dei fortalde om si reise med å bruke garden som ressurs til å utvikle selskapslokale og tilby Bed&Breakfast i huset.

Marie Teigland frå Statsforvaltaren  heldt foredrag om Fylkesstrategien for landbruk i Møre og Romsdal, og informerte om støtteordningar for nyetablerarar. Ho driv òg eige småbruk med foredlingslokale.

Liv Bente Viddal, som er leiar for landbrukskontoret Ørsta/Volda, informerte kort om Hoppid kontora i Volda og Ørsta, som ikkje hadde høve til å møte. Men Landbrukskontoret prøvar å få til eit oppfylgingsmøte ilag med hopp-id kontora i slutten av januar 2025.

Neste presentasjon var Cecilie Rørstad. Ho heldt føredrag om verksemda si “Hjørundfjordull”. Ho viste ein rekkje bilete frå verksemda og livet på garden, og fortalde om drifta på garden.

Etter dette fekk deltakarane servert hjortegryte med lokale råvare og deltakarane fekk høve til å prate.

Etter matykta, heldt Vibeke Evensen foredrag om sin jobb som leiar for lokalmatutsalet i Sykkylven, og korleis dette kom til og vegen vidare.

Etter dette var det rom for å kome med spørsmål som ein lurte på. Då møtet formelt vart avslutta, var det mange som var igjen etterpå og slo av ein prat om sine idéar og draumar. Vi håpar at mange fann mange inspirasjon på samlinga!

Vibeke Evensen held føredrag. - Klikk for stort bileteVibeke Evensen held føredrag. Ørsta kommune

Følg oss