Fysisk aktivitet, god helse – og utlån av utstyr!

« –Hadde fysisk aktivitet vore ei pille hadde vi alle tatt den.» Det seier i alle fall lege, hjerneforskar og forfattar Ole Petter Hjelle. Helsegevinsten av å vere fysisk aktiv kan som kjent vere mange.

På utlånssentralen finn du utstyr for både vinter og sommarhalvåret. Stine Riise På ulike plattformer florerar det med tips og triks og påminning om kva vi får ut av å vere i bevegelse. For å repetere litt kan ein nemne i fleng: minske hjarte- og karsjukdomar, positiv påverknad på kognitiv fungering, blodtrykk, blodsukker og kolesterol. I tillegg kan ein sjå samanheng mellom å vere fysisk aktiv og oppleve betring av depresjon (FHI) Ein har også sett at angst og spenningsnivået i kroppen kan verte redusert etter fysisk trening. Fysisk aktivitet kan ein bruke både som supplement i behandling, i behandling aleine men også førebyggjande når det gjeld ulike fysiske og psykiske plager. Ole Petter Hjelle trekk særskilt fram kva fysisk aktivitet har å seie for hjernen vår. Hjernen vår er nemleg det organet som vert mest påverka av å vere i bevegelse.  Og det aller beste med fysisk aktivitet? Det er gratis og heilt utan biverknader! Sett bort frå alle helsegevinstane då, sjølvsagt.. Sjølv om dette er noko aller fleste veit frå før, kan dørstokkmila vere tung. Aktivitet treng ikkje vere hard fysisk trening, sjølv om det har best effekt. All aktivitet er betre enn ingenting.

I Ørsta kommune er vi opptekne av at det skal vere lav terskel for å kunne vere delaktig i aktivitet. Visste du at den kommunale utlånssentralen har både langrennsski, skeiser, rattkjelkar og truger til utlån? Lavvo, bålpanne og syklar finn du også, og meir til. Her er alt gratis og tilbodet er for alle, både vaksne og unge. Her er også andre stader å låne seg utstyr i både Ørsta og Volda. I kommunen vår er vi også heldige som har kort veg til både skibakkar og turområde, skatepark og aktivitetspark, Kiwihallen, fridrettsbane og turløyper i skogen. Vi har turgrupper, skravlegrupper, idrettslag og klatreklubb. Snart kjem sterk og stødig-trimgruppe for eldre også.  

Utlånssentralen har ski til utlån. Stine Riise Ganske snart bankar vinterferien på døra, og mange skal kanskje ut på tur. Treng du å låne utstyr til deg sjølv, barneborn eller vener som kjem på besøk, så ta gjerne kontakt med utlånssentralen.

Meir informasjon om utlånssentralen her eller på Facebook-sida til Småjobbsentralen.

Med ynskje om ein god, aktiv vinterferie ynskjer Stine Riise og Anneth-Olinn Lianes ved Tenesta for psykisk helse og rus, Ørsta.

Utlånssentralen

 

 Fysisk aktivitet har mykje å seie for utvikling av hjernen vår. Rebecca Christina Riise Bjerknes     

Følg oss