Fylkesmannen vitja Ørsta kommune.

Fylkesmannen sitt besøk.jpg

Fylkesmann Lodve Solholm i lag med assisterande fylkesmann Rigmor Brøste og dei ulike fagdirektørane på fylkesplan vitja onsdag 3.juni Ørsta kommune. Saman med  ordførar, formannsskapet, utvalsleiarane, representantar frå ungdomsrådet, rådmannen og hennar leiargruppe, samt fleire representantar frå kommuneadministrasjonen.  

Ordførar og rådmann gav ein presentasjon av Ørsta som kommune og Ørsta som organisasjon. Representantane frå Ungdomsrådet  fokuserte i sitt innlegg mellom anna på korleis dei skal greie å engasjere fleire ungdommar og informerte om det arbeidet dei driv og saker dei er engasjerte i. Dei har også si eiga Facebook side. 

Fylkesmannen uttalte at ungdommen er vår viktigaste ressurs og overrekte ein plakat med barnekonvesjonen. Denne plakaten skal ordføraren syte for vert innramma og hengt opp ein stad på rådhuset der både vaksne og barn kan kome å sjå og lese han. 

Som grunnlagsdokument for dialogen mellom Ørsta kommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har Fylkesmannen utarbeidd eit kommunebilde for kommunen. Fylkesmannen skal vere ein samarbeidspartnar og har høg kompetanse som kommunane kan nytte seg av. Gjennom samarbeid og tilsyn skal dei vere støttespelarar slik at kommunane skal kunne betre kvaliteten på tenestene sine.

Fylkesmannen er Kongen og regjeringa sin representant i fylket, og er eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. 

Han er også klageinstans for mange kommunale vedtak, dette er med på å gi rettstryggleik for innbyggarane våre. 

Det vart vidare sett fokus på kommunale planstrategier, kommuneøkonomi og kommuereform. Det vart opna for dialog og spørsmål og dei ulike fagdirektørane hadde alle sine separate innlegg med påfylgjande spørsmålsrundar til kvart innlegg. 

Ørsta ute av robek.jpg

Følg oss