Frivilligdagen 5. desember, inviterer til ”Pengetimen”

Ørsta frivilligsentral.jpg

Måndag er den internasjonale frivilligdagen, oppretta av  FN i 1985. Dagen skal vise fram den viktige innsatsen frivillige bidreg med kvar dag gjennom individuell innsats, initiativ i lokalsamfunnet og frivillige organisasjonar,  for å stimulere til endå mer frivillig aktivitet. 

Frivilligsentralane i Volda og Ørsta, i samarbeid med Kimen sosial entreprenør,  markerer dagen gjennom å invitere lag og organisasjonar til ”Pengetimen”. Gjennom denne vonar vi å kunne bidra med nyttig påfyll av kunnskap som kan gi pengar i kassa til endå meir frivillig aktivitet.

Tema for pengetimen er: korleis registrere laget i frivilligregistret, tips til kvar ein kan søke midlar til ulike føremål, og presentasjon av elektronisk betalingsløysing.  
 
Arrangementet held til ved Hamna 20, 5. desember kl 18-20.
Gratis å delta. Vel møtt!
 
Meir informasjon finn du på Frivilligsentralen si facebookhending.
 
-Frivilligsentralane i Volda og Ørsta  

Følg oss