I Noreg har vi to frikortsordningar, ein for eigenandelstak 1 og ein for eigenandelstak 2. Dei gjeld for ulike tenester. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga. Frå før har frikort for eigenandelstak 1 vore automatisert, men frå nyttår vart også ordninga for frikort eigenandelstak 2 automatisert.

Dette er nytt fra 1. januar 2017:
-
Du får frikort eigenandelstak 2 utan å søke om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket er nådd.
-
Eigenandelstaket for frikort eigenandelstak 2 for 2017 er 1990 kr.
-
Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk tilbakebetalt.
-
Aldersgrensa for eigenandelsfritak er heva frå 12 til 16 år.
-
Alle pasientar må betale eigenandel for behandling med fysioterapeut - unnateke barn under 16 år og personar med yrkesskade. Dette vart vedteke av Stortinget ved behandlinga av statsbudsjettet for 2017.
-
Du kan sjølv følgje med på dine registrerte eigenandelar ved å logge inn på helsenorge.no.
Frikort eigenandelstak 1 – nytt eigenandelstak for 2017: 2 205 kroner
I frikort eigenandelstak 1 inngår eigenandelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisinar og utstyr på blå resept.
Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker når du har betalt over 2 205 kroner i eigenandelar i 2017.
Meir informasjon finn du på helsenorge.no/frikort