Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter 1. november er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.
Skatteoppkrevjar Skatteetaten.no
Oppgåvene som blir overført til Skatteetaten i november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.
Skatteetaten tek ikkje i mot e-post, men ved å gå inn via nettsidene kan ein sende skriftlege meldingar om alle typar spørsmål. Treng du meir hjelp må du kontakte Skatteetaten i andre kanalar. Chat, telefon 800 80 000 og Facebook er dei raskaste måtane å få tak i Skatteetaten på.
Ordninga gjeld ikkje eigedomsskatt, som Ørsta kommune vil fortsette å handtere.