Formidlingsstipend til Bakketunet på Bjørke

Formidlingsprisen til Bakketunet på Bjørke

Bakketunet på Bjørke fekk i går tildelt Kulturminnefondet sitt formidlingsstipend, eit stipend til  dei som set fokus på viktigheita av å bevare kulturarven. 

Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet, overrekte Marita Bett Aakre eit formidlingsstipend på kr 50000. Stipendet er blitt utdelt berre to gongar før. Det var Hjørdis Almelid Vikenes som hadde sendt inn forslaget på Marita. Dei hadde fått mange forslag, sa Bjørgen, men dette skilde seg ut.

Marita Bett Aakre.jpg

I tillegg fekk Bakketunet kr 140000 til golv/restaurering av fjøsen som skal nyttast til temahus og handverk for barn og unge.

Varaordførar Karn Høydal  var tilstades og overrekte blomster frå Ørsta kommune:  "Heile Ørsta kommune er stolte av det arbeidet du Marita Bett Aakre og dine gode og viktige medhjelparar har fått i stand på dette kulturhistoriske gardstunet her på Bjørke. Til og med veret er på di side i dag! Vi er glad for at du har engasjement til å utvikle Bakketunet vidare. Det betyr mykje for bygda, og for alle frå fjern og nær som vil besøkje det varierte programmet de har å tilby.

Eg er overbevisst om at Det nasjonale formidlingsstipendet vil gi motivasjon og ny inspirasjon. Godt er det at det også blir løyvd meir pengar til tiltak på garden, og personleg er eg opptatt av alle skal kunne inkluderast og delta i opplevingane.

Ørsta kommune vil ønskje til lukke med opninga av ein ny sesong og gratulere deg med prisen, Marita."

Lokale eldsjeler hadde også broderiutstilling på Bakketunet denne dagen!

Broderi Bakketunet på Bjørke.jpg

Følg oss