Forkøyrsreguleringa i Anders Hovden-gata er fjerna.

Statens vegvesen vedtok 5. juni ny skiltplan for Anders Hovden-gata. Forkøyrsreguleringa er tatt vekk og fartsgrensa sett ned til 40 km/t.
Skilt etter ny skiltplan kom opp torsdag ettermiddag (21. juni). Ver difor merksam på ny skilting og høgreregelen i krysset mellom Anders Hovden-gata og Holmegata, og mellom Anders Hovden-gata og Ripateigane.
I samband med ny skiltplan vil det kome 3 nye fartshumpar i Anders Hovden-gata og to nye i Holmegata. Desse vil etter planen kome i løpet av 14 dagar.
Bakgrunn for endringa
Bakgrunnen for endringa er at ein har registrert at farten og trafikkmengda har auka i Anders Hovden-gata etter at forkøyrsreguleringa vart innført. Statens vegvesen og kommunen vil difor samtidig oppmode om at Anders Hovden-gata ikkje vert nytta som gjennomfartsveg når ein skal frå Fylkesveg 655 (Dalevegen) til E39 ved Shell. Denne trafikken skal gå på Fylkesveg 655.
Publisert 22.06.2018 11:07