Bufdir har lansert nettstaden foreldrehverdag.no, der foreldre kan finne fagleg kvalitetssikra informasjon om korleis dei kan forstå barnet sitt betre. Målet er å gi foreldre inspirasjon, tru på eigen omsorgevne og bidra til å styrke samspelet i kvardagen.
Nettstaden inneheld artiklar, filmar og enkle oppgåver. Oppgåvene skaper refleksjon og kan hjelpe lesaren å omsette kunnskapen til eigen foreldrekvardag. Artiklane handlar om alt i frå grensesetting, ros og anerkjenning til krangling mellom sysken, trass og ungdomstid.
Publisert 09.01.2017 08:35