Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet.
Veljarar busett i Noreg førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.
Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på servicekontoret på Ørsta rådhus, Biblioteket, Bellingen på Sæbø og Skipsen på Vartdal frå om lag 12. juli.
Kva om eg bur i utlandet?
Er du busett i utlandet, men har vert registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, førast du automatisk inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.
Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søke di siste bustadskommune om å verte ført inn i manntalet. Dersom du ikkje nokon gong har vore folkeregisterført som busett i Noreg, skal du søke til Oslo kommune.
Slik søkjer du om å bli innført i manntalet
Du søkjer ved å skrive under på omslagskonvolutten som vert brukt ved førehandsrøystegjeving utanriks. Dersom du førehandsrøyster i Noreg eller ikkje brukar den nemnde omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Røystemottakar har eit skjema som du kan fylle ut samtidig som du avgir røysta di, eller du kan gjere det digitalt ved å fylle ut skjema for søknad om innføring i manntalet. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsatt er norsk statsborgar.
Søknaden skal sendast til valstyret i den kommunen der du sist var registrert busett i Noreg. Søknaden må vere kome fram til valstyret innan 14. september kl. 17:00 for å kunne bli innvilga.
Bruk eDialog for å sende inn søknad.
Korleis sjekkar eg om eg er manntalsført?
Du kan kontakte den kommunen du sist var registrert i. Alle kommunar i Noreg er pålagt å leggje ut eit såkalla utleggingsmanntal. Utleggingsmanntal er eit manntal som vert gjort offentleg tilgjengeleg der du som veljar har moglegheit til å kontrollere eigne opplysningar, og eventuelt sende inn klage dersom det er feil i manntalet.